Frå turen til Raudebergsholten - utsikt mot Molden og Indre-Hafslo

Fotturar og natur i Luster kommune


Eg har laga meg ein eigen blogg for turar eg går i Luster. Denne bloggen finn du her. Eg er svært glad i å gå tur, eg er svært glad i å ta bilder og eg synes turorientering er ein flott og sunn hobby. Då eg starta med turorientering her i Luster kommune oppdaga eg at det var vanskeleg å finne fram for den som ikkje var lokalkjend. Det er ingen kart saman med lista over postar, slik at det har vorte ein del prøve-og feile når det gjeld kvar ein bør parkere og kvar ein skal gå. Eg synes det sjølv er vanskeleg å få oversikt over alle blogginnlegga. Derfor lagar eg her ein oversikt som eg håpar skal vera lett å finna fram i!

Sist oppdatert februar 2021

Turorientering i Luster
Turorienteringa eg er med på vert arrangert av IL Fanaråk, Luster IL og IL Bjørn.
Hafslo IL er med frå og med 2019! Hurra!
Nokre av idrettslaga har også postar som ikkje er med på felleslista...
Sidan det er fleire lister med postar no har eg tatt vekk nummer på postane - men dei er sortert slik at turar til alle postar som startar i samme område ligg samla.

Fargekoder på turane
Grøn - Mine favorittar
Flotte turar med flott utsikt
Orange
OK turar som eg gjerne går på nytt
Rosa
Turar som eg truleg ikkje går opp att

Hafslo - Soget - Hesvollen - 10 poeng
Fin, flat, kort tur på skogsbilveg. Fin natur. Lett å få parkert.
Link til blogg med kart og bilder frå 2020 finn du her

Hafslo - Moane - 10 poeng
Fin, flat, kort tur på sti. Kan bli rundtur. Fin natur. Lett å få parkert.
Link til blogg med kart og bilder frå 2020 finn du her

Hafslo - Galden - Beimshytta  - 20 poeng
Fin tur på traktorveg. Kan bli rundtur. Turen går mykje i tett skog utan utsikt, difor orange farge. Lett å få parkert.
Link til blogg med kart og bilder frå 2020 finn du her

Hafslo - Galden - Huarplassen  - 10 poeng
Fin tur på varierande sti. Med små midlar kunne stien vore betre. FLOTT utsikt.  
Link til blogg med kart og bilder frå 2020 finn du her

Hafslo - Galden - Øvrebøstølen  - 10 poeng
Fin tur på sti og traktorveg. Kan verte rundttur.  
Link til blogg med kart og bilder frå 2020 finn du her

Hafslo - Indre-Hafslo - Hillestadstølen  - 10 poeng
Fin flat, kort tur på traktorveg. Flott terreng.   
Link til blogg med kart og bilder frå 2020 finn du her


Indre-Hafslo - Joranger - Nipa - Lyngsete - 20 poeng
Ein av mine favoritturar. Startar i ope skog. Går seinare over skoggrensa. Litt bratt, men ikkje så lang tur. Fantastisk utsikt.
Link til blogg med kart og bilder november 2011 finn du her

Indre-Hafslo - Dale - Kleberg/Klibbereggi - 20 poeng
Flott tur sjølv om eg gjekk feil. Startar i skog og går opp på ein topp i skoggrensa.
Fin og ikkje så lang tur. Fantastisk utsikt frå flott benk.
Link til blogg med kart og bilder frå november 2015 finn du her


Indre-Hafslo - Joranger - Løsletti - 10 poeng
Ein liten fin ettermiddagstur med fin utsikt. Startar frå Jorangervegen. Godt merka. Fin utsikt. Skal vera mogleg å gå rundtur - men eg fann ikkje ut av det....
Har gløymt å leggja ut kart og bilder frå eg gjekk turen i 2014. Det må eg gjera noko med!

Indre-Hafslo - Molden opp - Steinkveane - 20 poeng
Desse tre postane Steinkveane, Molden og Svarthiller kan takast på ein og samme tur. Då startar ein frå Marifjøra og går via Sviggaplassane og opp mot Molden - kjent som motbakkeløpet Molden opp. Turen er godt merka og BRATT. Det er lurt å gå denne vegen opp.
Link til blogg om "Molden opp" med kart og bilder frå juni 2013 finn du her

Link til bilder frå ein tur i oktober 2010 frå Krossen finn du her
Indre-Hafslo Molden og Svarthiller frå Krossen - 20 poeng og 10 poeng
Den vanlegaste vegen å gå til Molden på er å køyre av mot Mollandsmarka og parkere ved Krossen. Då er det ein fin fjelltur, først i skog, på godt merka sti. Først kjem ein til Svarthiller som har fantastisk utsikt, så til Molden.
Molden er rekna som ein av kremtoppane i Norge og utsikten er berre fantastisk!
Link til bilder frå ein tur i oktober 2010 frå Krossen finn du her

Indre-Hafslo Bondehaug på Mollandsmarka frå Krossen eller Resaland - 10 poeng
Fin tur som eg har gått - men gått så "feil" at eg ikkje har laga turblogg på den. Du kan parkera på Krossen (dersom du får plass) og gå herfrå, eller køyre inn på skogsbilvegen like før parkeringa på Krossen og parkere der.

Indre-Hafslo Stuaflåten frå Mollandsmarka - 20 poeng
Dette er ein bratt tur som eg gjekk for mange år sidan. Då gjekk eg ned på husmannsplassen og vidare ned til fjorden på Ytre Eikum. Hugste eg sa til meg sjølv at det held med den eine turen dit - men for fjellgeiter er dette ein tur med fin utsikt over fjorden.

Gaupne - Råaberget - Gamlevegen til Råum - 10 poeng
Den gamle gardsvegen frå fjorden til gardane Råum Turen er bratt, men utsikta er flott. Spesielt dersom du går heilt opp til gardane, eventuelt noko høgre enn posten. Du kan gå opp til bilenvegen og ned til Gaupne via Engjadalen. Dette er ofte den staden i området som får først vår.
Link til blogg med kart og bilder frå mars 2012
Tur mars 2013

Gaupne - Engjadalen - Heggdalen - 20 poeng
Fin tur gamle gardsvegen frå fjorden til gardane Råum Turen er bratt, men utsikta er flott. Spesielt dersom du går heilt opp til gardane, eventuelt noko høgre enn posten. Du kan gå opp til bilenvegen og ned til Gaupne via Engjadalen. Dette er ofte den staden i området som får først vår.
Bilder frå eg gjekk turen oktober 2010 finn du her.    
Og frå turen i juli 2016 finn du her.


Gaupne - Engjadalen - Jargolane - Vorfjellet - 20 poeng
Kan kombinerast med fleire andre flotte turar. Var ny post i 2017. Fantastisk utsikt heile vegen. Turen kan anbefalast på det varmaste.
Link til blogg med kart og bilder frå oktober 2020 finn du her

Gaupne - Engjadalen - Jargolane (Seljesete) - 10 poeng
Fin traktorveg/sti. Delvis i åpe skogsterreng, så over skoggrensa. Fantastisk utsikt! Ein av mine favorittplassar å gå til - sommar som vinter! Kan kombinerast med tur til Sjåheim og posten i Heggdalen (rundtur).
Link til blogg med kart og bilder frå juli 2011 finn du her

Skitur til Jargolane og stølen vår på Seljesete januar 2012 finn du her   
Og ein anna skitur til Jargolane januar 2012 her
Skitur til Jargolane og Seljesete april 2012
Skitur til Jargolane februar 2013
To skiturar februar og mars 2013

Gaupne - Engjadalen - Sjåheim - 10 poeng
Gaupne - Venåsen - Sjåheim - 20 poeng

Bilder frå ein tur oktober 2011 der eg gjekk opp via Venåsen finn du her.
Den nederste delen av denne turen er ikkje merka, med mindre du går via Venåssvai. Dette er ein svært bratt tur.
Du kan også gå frå Sjåheim til Venåsen og ta med deg Jargolane i samme slengen...
Bilder frå september 2013 finn du her

Bilder frå november 2010 når eg går nede frå P-plassen finn du her og ein ny tur eit par dagar seinare finn du her

Gaupne - Sandviksberget - Lø - Engjadalen - 10 poeng
Den gamle kløvjavegen opp i Engjadalen som går på Sandviksida. Litt bratt tur. Berre utsikt på Lø. Du kan gå vidare opp i Engjadalen og rundtur ned via Gaupneberget eller bilvegen.
Link til blogg med kart og bilder frå desember 2011 finn du her

Gaupne - Gaupneberget - 10 poeng
Den gamle gardsvegen/kløvjavegen frå Gaupne til slåttemark i Engjadalen og stølane i Engadalen og på fjellet. Turen er bratt, men utsikta er flott. Kan gåast som rundtur  - bade nedre del via Lauvdalen som er ein bratt sti og via Engjadalen og Sansviksberget eller Råaberget.
Tur via Lauvdalen april 2012

Gaupne - Åsmo - Ytamo naturreservat - 20 poeng
 Flatt - lett å gå - frodig og tett vegetasjon - dårleg med utsikt
Posten ligg ved elva Jostedøla på andre sida av garden Leirmo. Du må gå ein lang og flat traktorveg/sti hit. Vegen går gjennom det verna området på Ytamo. Etter at Dagmar la mykje av skogen flat, er posten flytta nokre meter.
Link til blogg med kart og bilder frå april 2011 finn du her.
Fleire bilder frå plantelivet på turen til Åsmo i mai finn du her og i juni finn du her.
Novemberbilder finn du her.
To turar til Åsmo mai 2013

Gaupne - Røneid - Gamle Røneidstølveg - Fossane - 10 poeng
Fin, kort tur på god sti/traktorveg. Litt bratt. Flott utsikt mot Gaupne på vegen ned att via den nye bilvegen. Det er råd å ta posten som ein del av ein rundtur via post nr. 16 Hjellene.
Link til blogg med kart og bilder frå 2018 finn du her


Gaupne - Røneid - Hjellene - 10 poeng
Ein fin, kort tur på god sti. Litt bratt. Flott utsikt dersom du går litt utpå kanten. Det er råd å ta posten som ein del av ein rundtur via post nr. 15.
Link til blogg med kart og bilder frå november 2011 finn du her

Bloggen frå april 2012 finn du her - orkanen Dagmar har herja området...

Gaupne - Røneid - Røneidsmarka - Fodnastølen - 20 poeng
Har gått denne for lenge sidan, men har ikkje bilder frå turen.

Gaupne - Røneid - Røneidsmarka - Fodnastølen - 20 poengHjellene - 10 poeng
E
g har gått denne turen for lenge sidan, men finn ikkje att bildene. Heilt grei tur.


Gaupne - Røneid - Røneidsmarka - Nystølen - 20 poeng
Bomveg frå Røneid eller du kan gå heile i kombinasjon med post nr. 15. Fin sti, men dårleg merking til Nystølen. Flott skog og lett å gå. Lite stigning. Fin utsikt frå stølsområdet.
Link til blogg med kart og bilder frå 4. november 2011 finn du her.

Leirdalen - Nonhaug - 20 poeng
Stien oppover mot Nonhaug kan vera litt vanskeleg å sjå frå vegen og det er ingen tydeleg parkeringsplass/start. Utsikta mot Hest er fantastisk. Stien kryssar anleggsvegen der dei tek ut stein til forbetring av dammen. Vel oppe er utsikta utover dalen og fjella rundt fantastisk, men grunna litt bratt sti merkar eg posten som oransje.
Link til blogg med kart og bilder frå september 2012 finn du her

Vigdalen - Fivla - eller Engjadalen - Seljeset - Fivla - 30 poeng - har gått denne for lenge sidan men har ikkje bilder. Flott tur. Er ein del av turmarsjen Vigdalsdilten via post 8 Heggdalen.


Jostedalen - Vassdalen - 25 poeng
Stien oppover mot Vassdalen går i skog. fin sti, men litt bratt og litt lite utsikt heilt til ein kjem på snaufjellet. Der opnar landskapet seg og utsikta vert fantastisk! Det er ikkje merka sti til stølshusa/posten - så eg klarte ikkje å finne den... Men eg trur andre vil gjera det ved å lesa bloggen/sjå kart og sjå på bilder.
Link til blogg med kart og bilder frå september 2012 finn du her

Jostedalen - Haugafjellstølen - 25 poeng
Stien startar frå vegen til Krundalen. Først gjennom fin skog, men snart går det rett oppover.  Utsikta vert fin utover Jostedalen, men stien er såpass bratt og enkelte stader på sva, at den står på mi liste som Been there - done that.
Link til blogg med kart og bilder frå juli 2016 finn du her

Jostedalen - Gjerde - Bresenteret 10 poeng
Det går sti gjennom skogen frå Gjerde/byggefeltet Haugåsen og Bresenteret, men eg har ikkje gått turen. Dette er ein post som er ny i 2018 eller 2019. Står på lista mi over skal gåast i 2021.

Nes - Haldesås - Flatningane - 15 poeng
God, men bratt traktorveg frå gamle campingplassen på Nes. Haldesås er ein støl og ein kan gå vidare herfrå til Flatningane. Traktorvegen er temmeleg attgrodd, og berre ved posten er det utsikt mot fjorden og Feigefossen. Ikkje eit alternativ eg anbefalar. Går ein vidare mot Flatningane og Engjadalen (eller omvendt) blir dette ein FLOTT tur med masse fin utsikt. Ny post 2016.
Link til blogg med kart og bilder frå juli 2016 finn du her 

Gamlevegen Nes/Høyheim - 10 poeng Ny post 2017
Har ikkje gått denne enno


Gaupne - Engjadalen - Flatningane - Kolstadegg - 25 poeng
Alternativt Høyheimsvik - Kolstadeggi

God, men bratt traktorveg frå Engjadalen, god sti. Startar i ope skog, går vidare på snaufjell. Flott utsikt.
Frå Høyheimsvik og opp går ein på god veg og traktorveg, til slutt på BRATT sti opp til posten.
Link til blogg med kart og bilder frå juli 2011 finn du her  Samme tur i oktober finn du her.

Luster - Gamlevegen til Berge - 10 poeng
Startar på gangveg frå sentrum, så gamal traktorveg opp til Berge. Fint å gå. Litt attgrodd, men enkelte stader og spesielt når ein er nesten oppe på garden Berge er det flott utsikt. Ein kan gå rundtur på bilvegen nedatt til Luster
Link til kart og bilder frå 22 april 2012


Luster - Bargarden naturreservat Berget - Ottum - 10 poeng
Vanskeleg å finne stien og ein må gå langs fylkesveg 55 frå parkering til sti. det er råd å gå rundtur, men då må ein gå tilbake på fylkesvegen. Fin skog i Bargarden.
Link til blogg med kart april 2014 finn du her

Luster - Langen - 20 poeng - eg har ikkje gått denne enno.

Luster - Børesteinane - 30 poeng - eg har ikkje gått denne enno

 Luster - Harastølen - Stordalen ved mast - 20 poeng
Har gått denne turen for lenge sidan. Gjekk vidare over til Flatningane og Engjadalen.

Luster - Brennesteinane - 20 poeng - eg har ikkje gått denne enno

Luster - Hellesete - 25 poeng - eg har ikkje gått denne enno

Luster - Jagershaug - 20 poeng - Ny post 2016.

Kilali - 25 poeng - eg har ikkje gått denne enno

Luster - Harastølen - Hærishovden - 10 poeng
Har prøvd å finne ut kvar eg skal gå - men utan hell enno...


Luster - Harastølen - "Verdens Ende" - 10 poeng
Bilvegen opp til Harastølen begynnar å bli dårleg og utan kart/lokalkunnskap var det vanskeleg å finne kvar stien gjekk. Sjølve stien er flat og fin. Nokre bruer er dårlege. Men ein fin søndagstur i lett terreng dette.
Link til blogg med kart og bilder juli 2012 finn du her

Hornane (nedre) - 20 poeng - eg har ikkje gått denne enno

Hersete - 20 poeng  - eg har ikkje gått denne enno


Skjolden - Fjøsnestølen - 15 poeng Godt merka sti. Litt bratt og tett. Dårleg med utsikt.
Link til blogg med kart og bilder frå juli 2011 finn du her

Lønningane - 25 poeng - eg har ikkje gått denne enno

Skjolden - Rebnisli 20 poeng Godt merka traktorveg/sti. Fin tur med flott utsikt!
Link til blogg med kart og bilder frå juni 2012

Skjolden - Mørkridsdalen - Dulsete - 25 poeng
Bilvegen fram til stor parkeringsplass med informasjonstavle. Godt merka sti til Dulsete. Litt bratt i starten. Går forbi flotte vatn og i høg, frodig vegetasjon. Litt lite utsikt.
Har gløymt å leggja ut kart og bilder frå denne turen. Det må eg gjera noko med!

Osen ved Åsetevatnet - 30 poeng - eg har ikkje gått denne enno

Fortun- Vetleåsen - Fuglesteg - 15 + 15 poeng
God parkering ved skulen og ungdomshuset i Fortun (ved butikken) og godt merka sti som går opp til traktorvegen som går til Vetleåsen. Derifrå er det brattare sti opp til høgdegården som har flotte, restaurerte hus. Bra utsikt over heile Fortunsdalen underveg og til Skjolden frå garden
Link til blogg med kart og bilder frå 22 apil 2021

Vetleåsen ligg på vegen opp til Fuglesteg og Fureåsen.
I Fureåsen har eg vore, men det er lenge sidan - 15 poeng


Fortun - Sognefjellet - Helgedalsnosi - 15 poeng
No er stien godt merka. Kort tur i litt stigning med Fantastisk utsikt. ein av mine favoritturar!
Link til blogg med kart og bilder frå oktober 2011 finn du her

Fortun - Turtagrø - Helgedalen - Skautevatnet - 30 poeng
Startar på traktorvegen som tek av frå fv 55. Litt vanskeleg med parkeringsplass dersom ein ikkje går frå Turtagrø. Litt kjedeleg å gå så langt på grusvegen, men dette er ein tur i fantastisk landskap med flott utsikt.
Eg gjekk turen juli 2013 og her finn du hart og bilder

Sørsida - Bergheim - 20 poeng
Godt merka traktorveg opp til denne høgdegarden. Flott utsikt frå gården utover fjorden.
Bilder frå ein tur hit september 2010 finn du her.

Nystølen på Ornes - 20 poeng. Her har eg ikkje vore

Sørsida - Ornes - Orneskroken - 20 poeng
Godt merka traktorsti som er lett å gå. Dessverre litt dårleg utsikt grunna mykje stor skog.

Link til blogg med kart og bilder frå mai 2013 finn du her



Andre turar og bloggar frå Luster

Fortun - Turtagrø - Sognefjellet - biltur juni 2012 der me ser villrein

Gaupne - Engjadalen
- eg leiter etter hesten Blåen hausten 2013. Link til bloggen finn du her.

Gaupne - Engjadalen
- bilder frå januar 2012

Gaupne - Engjadalen
- fisketur juli 2013

Gaupne - Engjadalen - Raudebergsholten - flott tur november 2011. Link til bloggen finn du her

Gaupne - orkanen Dagmar er på besøk - bilda er tatt 28. desember 2011. Link til bloggen finn du her.

Gaupne - fugleliv på industriområdet Gaupnegrandane mars 2011. Link til bloggen finn du her.

Gaupne - sein vår 2013

Gaupne - flaum i elva Jostedøla juni 2011. Link til bloggen finn du her.

Gaupne - Haustmarknad i Parken oktober 2011. Link til bloggen finn du her.

Gaupne - Lustrafjorden - båttur på fjorden juli 2013

Hafslo - Mollandsmarka - Vetleskog - skitur februar 2012 til utsiktspunkt over Hafslo med kart.

Hafslo
- fugleteljing i fuglefredingsområdet mars 2011. Link til bloggen finn du her.

Jostedalen - Geisdalen - skitur februar 2012. Link til bloggen her.

Jostedalen - Fagredalen - flott liten tur september 2013

Vårblomar - mars 2012



Fortun - Turtagrø - Vardanosi
Turen hit i 2010 vart kåra som Norges flottaste hundetur av Norsk Kennel Klub.
Bratt med for ei utsikt!